Norsk English

Eit steg nærare Hardanger Skyspace

Hardanger og Voss museum/Kabuso har inngått kontrakt med Voss bygg og landskap om oppføring av Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell, i Øystese. Etter planen skal Hardanger Skyspace stå ferdig 1. juli 2016. Voss bygg og landskap har med seg mellom andre vossafirmaet Tunge Ting i prosjektet.

Prosjektet Hardanger Skyspace starta som idé i 2011 og har vorte jobba fram med støtte frå Norsk kulturfond, Kvam næringsråd, Hardangerrådet, Kvam herad, Hordaland fylkeskommune, Norwegian Hull Club, Sparebankstiftinga Hardanger, Kvam kraftverk og Kulturrådet.
Hardanger Skyspace er ein ny, fast kunstinstallasjon i Øystese, som vil gje
auka publikumstilfang og mange gode kunstopplevingar for fastbuande og tilreisande i åra som kjem. Det er svært gledeleg at prosjektet endeleg vert realisert, og Hardanger Skyspace vil vere eit viktig tilskot til kunsttilbodet på Vestlandet.

Kabuso vil invitere til ope møte og prosjektpresentasjon prosjektet i løpet av kort tid.

Foto, Kabuso/A.C. Ellingsen: Frå Ekeberg Skyspace