Norsk English

Flygel på plass i Kabuso

I starten av desember kom det nye flygelet til Kabuso. Dette er så vidt ein kjenner til det første nye Steinway-flygelet som er kjøpt inn i Hardanger - og eit stort løft for musikklivet her. 

Kjøpet er gjort mogeleg med solid støtte frå publikum og samarbeidspartnarar som har kjøpt partar i flygelet i  tillegg til støtte frå det offentlege. 

Representantar for flygelnemnda har vitja Steinway-fabrikken i Hamburg for å handplukka eit flygel for kammermusikksalen i Kabuso. Pianist Geir Botnen seier seg svært nøgd med flygelet dei har plukka ut.    

Flygelet vil verta innviia av Leif Ove Andsnes og Botnen m.fl. under ein konsert i februar - som også er ein del av markeringa for 10-årsjubileet for Kabuso. 


Foto, Gisle Daus: Flygelnemnda v/Geir Botnen og Harald Kjosås på utveljing av flygel hjå Steinway&Sons

Flere bilder

  • Img 2899
  • Dau 5397
  • Dau 5339
  • Dau 5341
  • Dau 5400
  • Dau 5377
  • Dau 5359