Norsk English

Ny direktør i HVM

Randi Bårtvedt er på plass som ny direktør i Hardanger og Voss museum (HVm). Ho er stolt og glad over å bli leiar for og del av eit av Noregs flottaste museum. 

Bårtvedt har lang fartstid frå kultur, reiseliv og museum både nasjonalt og internasjonalt. Ho kjem frå stillinga som konstituert leiar i Norwegian Center of Expertise Tourism i Fjord Norge AS og har tidlegare mellom anna vore direktør for Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal.

Styreleiar Bjørn Christensen i Hardanger og Voss museum er svært glad over å få med Randi Bårtvedt på HVm-laget.