Norsk English

Kroner for tonar

Ting ein tangent! Kunsthuset Kabuso har ein av Vestlandet sine flottaste konsertsalar ein kammermusikksal med ypparlege forhold for akustisk musikk. Men, me manglar eit eige flygel, og i høve Kabuso sitt 10-årsjubileum i 2016 vil me gjere noko med dette, og inviterer hardingane til kronerulling. Kabuso er allereie ein stad musikarar kjem langvegsfrå for å spele i, og gjetorda om den spesielt flotte konsertsalen når langt utover landegrensene. Eit Steinway-flygel vil vere eit løft for heile Hardangers musikkliv.

Ting ein tangent! Eit flygel har 88 tangentar, og no er dei til sals. Vil du ha ein djup G, eller kanskje ein høg C? Ting ein tangent, det kostar kr 3000,- for valfri tangent, og med på kjøpet får du eit Tangentkort som gir gratis inngang på alle konsertar og utstillingar i Kabuso i heile 2016, samt namnet ditt på ein evigvarande plakett på Kabuso.*

Kunsthuset Kabuso sitt kontonummer er 3450 37 16080. Merk betalinga med namn og adresse, og kjøpsbevis og Tangentkort vert tilsendt i posten så snart betalinga er registrert. Kontakt oss på post@kabuso.no om du har spørsmål. Større bidrag vert tatt vel imot.

Kjem me i mål, vil Leif Ove Andsnes innvie flygelet i 2016.

Me takkar for støtta! Med helsing kronekomitéen, v/ Harald Kjosås, Geir Botnen, Karen Margrethe Øystese, Jostein Ljones og Synnøve Vik.

 

*Tilbodet gjeld alle ordinære arrangement i regi av Kabuso, med unntak av jubileumskonserten og utleige, og for ein person.