Kunstnar Anngjerd Rustand
vil utvikle eit nytt prosjekt i samband med utstillinga. Rustand,
f.1982 og busett i Bergen, har ein MA i kunst frå Kunst- og
designhøgskulen i Bergen, og har over lang tid arbeidd med landskap
og kunstens fysiske element.
I høve utstillinga
arrangerer vi ein internasjonal, lokalt forankra konferanse om
flommens visuelle kultur. Bidragsytarar vil vere kunstnarar,
aktivistar, akademikarar, arkitektar, kommune-/byplanleggarar og
folkevalde, som vil diskutere bileta sin plass i vår forståing av
naturkatastrofar som denne flommen, og korleis vi kan planlegge for
ei framtid der slike hendingar vert vanlegare og vanlegare. Vi
ynskjer at dette skal vere eit seminar for både kunstfaglege,
kunstnarar, byråkratar og lokalpolitikarar og alle dei som bur i
regionen og vart påverka av flommen. Dato: 30.10. Konferansen vert
heldt i Kabuso sin kammermusikksal, med plass til 150
deltakarar.
I etterkant av utstillinga
og konferansen planlegg vi ein publikasjon med utvalde bilete og
konferansebidrag, som vil fungere som ein dokumentasjon av flommen,
utstillinga og konferansen. Slik vert dei innsendte bileta
arkiverte for ettertida. Bileta som vil utgjere utstillinga vil
vere tekne med ulikt fotoutstyr (frå profesjonelle kamera til
mobiltelefonar) og offentleggjorde i ulike media (sosiale media som
Facebook og Instagram, lokal-, regional- og landsdekkjande aviser
samt nettaviser), men det store fleirtal vil ikkje tidlegare vere
offentleggjorde. Å samle dette materialet i utstillingsform og i
bokform vil gje eit vidt utsyn over flommens visuelle kultur, og
eit godt grunnlag for vidare diskusjonar om bilete i
samtidskulturen.
Kurator og fagleg leiar ved
Kunsthuset Kabuso, Synnøve Marie Vik, har i perioden 2011-2015 vore
tilsett som PhD-stipendiat ved Universitetet i Bergen, med eit
prosjekt knytt til kva bilete av natur og naturkatastrofar som ein
flom kan fortelje oss om samfunnet vårt, og korleis vi vel å
framstille natur og teknologi visuelt.
Prosjektet har så langt
motteke støtte frå Hardangerrådet og Hordaland Fylkeskommune.