Norsk English

Utseld for tangentar, men...

Innsamlingsprosjektet Kroner for tonar har vore ein stor suksess. TUSEN TAKK til alle som har bidratt så langt! No har alle dei 88 tangentane på det nye Steinway-flygelet fått eigarar - ja, endåtil flygelpedalane er selde!

Om innsamlinga:
Kabuso har altså samla inn pengar til eit eige Steinway-flygel til huset. 
Dette har vore gjort i form av sal av tangentar på det nye flygelet: Ein tangent kosta kr 3000,- og kjøparen har då fått velja ein eigen tangent som sin, pluss at vedkomande får namnet sitt på ein evigvarande plakett i Kabuso og eit tangentkort (sjå fakta i høgre felt) som gjev gratis inngang på alle konsertar og utstillingar i Kabuso i heile 2016.        

MEN sjølv om innsamlinga har gått svært bra, manglar det enno ein del.  
 
Ynskjer du å bidra? 
Støttar du prosjektet med kr 3000,- får du namnet ditt på nemnde plakett og nærast fri tilgang til Kabuso sine arrangement og utstillingar med tangentkortet. Diverre er det ikkje fleire tangentar igjen, men heder og ære og gode motytingar ventar den som støttar saka.   

Slik fungerar det: 
Kabuso har kontonr 3450 37 16080.
Merk innbetalinga med namn og adresse.
Du får så tilsendt kjøpsbevis og tangentkort i posten og kan gle deg til eit rikhaldig 2016.

    
Spørsmål eller kommentarar?
Kontakt oss gjerne på post@kabuso.no eller tlf 47 47 79 87.

Og hugs: Eit Steinwayflygel vil vera eit fint løft for musikklivet i Hardanger!