Norsk English

Ny leiar i Kunsthuset Kabuso

Sissel Lillebostad er tilsett i stillinga som ny admininstrativ og fagleg leiar ved Kunsthuset Kabuso, Hardanger og Voss museum.

Sissel Lillebostad Ny Leiar I Kabuso

Lillebostad er utdanna med graden cand. philol. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har ei rekkje verv innan kunstfeltet. Vidare har Lillebostad bygd opp - og i 10 år leia - kuratorutdanninga ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
Ho er redaktør for Numer - tidsskrift for teikning, illustrasjon og bokkunst. I tillegg er ho også kurator for kunsten på Høgskolen på Vestlandet, avd. Kronstad.

Sissel Lillebostad tek til i jobben ved Kabuso den 1. september.
Espen Johansen er for tida konstituert leiar i kunsthuset i Øystese.