Norsk English

Mazurka - Remaking Chopin

Konsertsal/foajé, Kabuso

29.10.2011 20:00 til 30.10.2011 00:00

Nils Henrik Asheim og Gjertruds Sigøynerorkester -
eit " must" for klassisk-, folkemusikk- og avantgardelyttarar!

Nils Henrik Asheim - klaver
Gjertrud Økland - fiolin
Georg Reiss - klarinett, tárógató
Tom Karlsrud - trekkspel
Pål Thorstensen - kontrabass
Trond Villa - bratsj
Helene Waage - celle, sang
Ernest Bangó - cimbalom


I sine mazurkaer brukte Frédéric Chopin den polske danseforma til å skapa enkle melodiar som går rett til hjarta, og samstundes utforska stilkombinasjoner og harmonikk som peikar langt fram i det 20. århundre. Ein kan sei at den borgarlege salongen og landsbygda si folkelegheit kolliderar med fryd i mazurkaene. Dei står nærare folkemusikken enn noko anna Chopin skapte.

Dette inspirerte komponist Nils Henrik Asheim til å ta Chopin sine undersøkingar eit skritt lenger, i samarbeid med Gjertruds Sigøynerorkester. Ensemblet tek seg stor fridom, alltid ut frå stor kjærleik til originalmusikken, og leikar seg med referansar til eit mangfald av musikalske stilartar. Dei opphavlege pianokomposisjonane seglar inn og ut av lydbiletet, blanda med fullblods sigøyner- og balkanklingande parti, vekslande med suggererande lydeksperiment.

Nils Henrik Asheim er ein velkjend komponist og musikar. Han debuterte som komponist 15 år gamal og vart i 1978 tildelt EBU sin Rostrum-pris. Sidan utdanna han seg som organist og komponist ved Norges Musikkhøgskole og Sweelink-konservatoriet i Amsterdam. Asheim har motteke ei rekkje prisar og stipend som komponist.
Han har har også markert seg som utøvar, mellom anna gjennom den friimproviserte soloutgjevinga "16 Pieces for Organ" og gjennom samarbeid med sopran Anne-Lise Berntsen. Asheim opptrer også som pianist i ulike prosjekt.

Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) har spesialisert seg på austeropeisk sigøynermusikk frå Russland, Romania og framfor alt Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte med sigøynarmusikarar i Budapest. 
Frå 1989 hadde GSO eit fast samarbeid med Lázló Rácz, ein av Ungarns fremste cimbalistar. Etter at Lázlo gjekk bort i 2009 har ensemblet knytta seg til Ernest Bangó.
Tidlegare har GSO også samarbeidd om jiddisch musikk med artisten Bente Kahan og norsk tatermusikk med songaren Elias Akselsen. Frå hausten 2010 har ensemblet også opptredd saman med ein av verdens fremste fiolinsolistar innan sigøynermusikk-sjangeren, Ernö Kallai Kiss jr.