Norsk English

Familieførestilling: Hardingfela og felemakarane på Botnen

Konsertsalen, Kabuso

03.12.2011 14:00 til 14:45

Merethe Gauden - forteljeteater
Alexander Aga Røynstrand - hardingfele

 

Passar for born frå fire år
Varigheit: 45 min

Merethe Gauden har lang erfaring med å setja saman framføringar for born. Ho er mykje nytta gjennom "den kulturelle skulesekken" kring i heile Hordaland  og gjennom biblioteka, der ho har sitt daglege arbeid.
I 2008 reiste  ho mellom anna rundt til skulane i Hardanger med "Gutane frå Hardanger som vart to av verdas største kunstnarar". Dette var ei framføring om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt laga på oppdrag frå Harding Puls.

Alexander Aga Røynstrand er ein ung og svært lovande spelemann frå Granvin.
Røynstrand har hatt Knut Hamre til læremeister og går no på folkekulturstudiet i Rauland.

 

Arr: Hardingtonar og Kabuso