Norsk English

Kakaokonsert med unge talent frå Kvam kulturskule

Konsertsalen, Kabuso

10.12.2011 14:00 til 15:00

Endeleg kakaokonsert med Kvam kulturskule igjen!

 

 

Etter nokre månadars opphald er det no på tide å få ein smakebit frå nokre av elevane frå kulturskule i Kvam. Som vanleg vert det eit mangfaldig program med mange musikalske overraskingar.

Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg kakao med meir!

I samarbeid med Kvam Kulturskule