Norsk English

Ihle Hadland og Weideborg Hongve

Kunsthuset Kabuso

17.07.2011 13:00

Christian Ihle Hadland - piano
Tuva Weideborg Hongve - sopran

Christian Ihle Hadland er ein av landets mest spennande unge pianistar. Han debuterte i Operaen i 2008 og vert etter det omtalt som "ein unik musikar som fortener å bli høyr på verdas konsertscener".
Christian Ihle Hadland er fødd i Stavanger i 1983 og byrja å spela piano då han var åtte år gamal. Då han fylte elleve byrja han på Musikkonsevatoriet i Rogaland. Han har studert under professor Jiri Hlinka, både i regi av Barrat Dues Musikkinstitutt i Oslo og privat.
Christian Ihle Hadland har vore solist med Kringkastingsorkesteret, Ålborg Symfoniorkester og orkester i Lithauen, Armenia og Tsjekkia. Han har mottatt fleire prisar, mellom anna Kjell Bækkelunds Pris i 2006 og Den norske soslistpris og Lindemannprisen i 2007.
Christian Ihle Hadland er høgt skatta både som solist og som kammermusikar og har gjesta prestisjetunge festivalar og konsertscener som Risør Kammermusikkfestival, Oslo Kammermusikkfestival og Wigmore Hall. Han har samarbeidd med musikarar som Henning Kraggerud, Lars Anders Tomter, Truls Mørk m.fl.
Frå 2010 har han delt på oppgåva som kunstnarisk leiar for Stavanger Kammermusikkfestival med Martin Först.


Tuva Weideborg Hongve (sopran) har sangutdanninga si frå Barratt Due musikkinstitutt og private studier i Düsseldorf med Helene Ziebarth som vokallærar. Ho har gitt konsertar både i Norge og Tyskland innan kammermusikk og opera, og har gjort roller som Grete i operaen "Hans og Grete" (Humperdinck) og jenta i operaen "Piken med svovelstikkene" (Enna).
Hun gjer jevnlig recitalar, og det er det tyske liedrepertoaret som ligg hjarta hennar nærast.

 


I samarbeid med EGM Troldhaugen