Norsk English

Coucheron og Coucheron

Kunsthuset Kabuso

03.07.2011 13:00 til 14:00

David Coucheron, fiolin
Julie Coucheron, piano

NB! Ny tid/dato: Sundag 3. juli kl 13

David Coucheron er konsertmeister i Atlanta Symphony Orchestra. Denne prestisjefulle stillinga fekk han i konkurranse med over 200 andre fiolinistar, og vart med dette ein av dei yngste konsertmeistrane i dei leiande symfoniorkestra i USA.
David avla Bachelor of Music-eksamen ved The Curtis Institute of Music i Philadelphia, og Master of Music ved The Juilliard School i New York. Han har studert med professorar som Igor Ozim, Aaron Rosand, Lewis Kaplan og David Takeno. Vidare har David vore solist med leiande orkester i inn- og utland. Han er også ein ivrig kammermusikar og har hatt stor suksess m.a. saman med Julie Coucheron. Saman dei vunne fleire prisar og konserterar i Europa, Asia og USA.
 

Julie Coucheron starta sine pianostudier med professor Einar Steen-Nøkkelberg. Ho hadde også utfyllande studier ved Royal Academy of Music i London. Der avla ho ein Bachelor of Music - med 1st class Honors. Vidare har Julie vunne ei rekkje førstepremiar i nasjonale og internasjonale konkurransar, og spela i velkjende konsertsalar som The John F. Kennedy Center. 

Den nye storsatsinga til Julie og David Coucheron er Kon-Tiki Classical Music Fest 2011 på Bygdøy.    


Program for konserten i Kabuso:
Grieg - fiolinsonate m.m.



I samarbeid med EGM Troldhaugen



Les meir på www.coucheron.com