Norsk English

Utstilling: Maputo - A Tale of One City

Utstillingssalen, Kabuso

20.08.2011 14:30 til 18.09.2011 16:00

Utstillinga tek utgangspunkt i havnebyen Maputo i Mosambik, og presenterer åtte kunstnarar som på på ulikt vis forheld seg til byen og dei komplekse identitetane knytt til denne.

Verka tek føre seg spørsmål knytt til tema som sosialpolitikk, økonomi, kvardagsliv og psykologi. Dette med utgangspunkt i ein by der nye bygg vert reiste i omgjevnadar prega av kolonialistisk arkitektur og med ei hamn som stadig bringar nye impulsar utanfrå.

Deltakande kunstnarar:
Berry Bickle
Ângela Ferreira
Pompílio Hilário Gemuce
Rafael Mouzino
Emeka Okereke
Lourenço Dinis Pinto
Mauro Pinto


I samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Filer