Norsk English

Foajeutstilling: Bjørg Taranger  - Kabuso Stasjon 2022

Foajeen, Kabuso

14.01.2012 14:30 til 05.02.2012 16:00

Videoinstallasjonane til Bjørg Taranger gjev liv til foajeen i Kabuso fram til 5. februar.    

Om utstillinga:
Frå ca 1860 til 1930-talet vart det bygd ut ei rekkje jernbanelinjer i i distrikts-Noreg. Mange av desse har sidan vorte nedlagde.

I prosjektet Kabuso Stasjon 2022 revitaliserer Bjørg Taranger idéen med jernbanen som kommunikasjon mellom by og land ved å setja opp eit forsalg til ein ny togtrasé. Dette med Øystese som ein av stasjonane.  

Taranger presenterer ein framtidsvisjon som peikar på eit engasjement som gjeld strukturelle former og samfunnsbygging i både samtid og framtid.

I ei samanstilling av nyproduserte og tidlegare verk vert foajéen i Kabuso rekontekstualisert til ein transittkafé for reisande. Gjennom dokumentariske opptak som er omdanna til fiktive rom med ulike mønster og rytmar vert ein her teken med til stadar som Paris, Berlin og Buenos Aires.


Les meir på www.cityangel.no