Norsk English

Konsert: Mads Berven trio + Erik Halvorsen

Konsertsalen, Kabuso

10.11.2012 20:00 til 22:00

Set av laurdagskvelden 10. november frå kl 20 til Mads Berven trio og gjestemusikar Erik Halvorsen! Konserten byr på lyriske jazzmelodiar, harmoniar backa av eit særdeles dynamisk og stødig komp med røter i 70-talsgrooverock.    

Mads Berven - gitar
Anders Bitustøyl - bass
Kåre Opheim - trommer
Erik Halvorsen - piano

Den mangefasetterte gitaristen Mads Berven gav i fjor ut ei kritikarrost plate der han har med seg Kåre Opheim på trommer og Kåre Bitustøyl på bass. Låtmaterialet er eigenkomponsert og har vorte godt motteke av publikum såvel som kritikarar.
Under konsertar har trioen i tillegg med seg Erik Halvorsen på piano/elpiano. 

Alle musikarane har breid erfaring som frilansmusikarar innan improvisert musikk og har spelt med ei lang rekke artistar.