Norsk English

Utstilling: Amaldus Nielsen og Vestlandet. Måleri og studiar frå Hardanger

Utstillingssalen, Kabuso

03.11.2012 00:00 til 20.01.2013 16:00

03.11 2012-20.01 2013

Utstillinga i Kabuso i vinter syner måleri av Amaldus Nielsen med motiv frå Hardanger og Vestlandet elles.

Amaldus Nielsen (1838-1932) var ein av Hans Gude sine elevar, og ein av dei første som skisserte landskapsmotiva sine utandørs. Han vitja fleire gongar Vestlandet og Hardanger. Utstillinga syner nokre av verka måla på desse turane.

Utstillinga er kuratert av Nielsen-biograf og kunsthistorikar Tone Klev Furnes.

Dokumentarisk film om Nielsen vert vist i konsertsalen etter ynskje.
Varigheit: 22 min. 


I samarbeid med Vest-Agder-museet, Munchmuseet og Storebrand kunstsamling.