Norsk English

Dobbelkonsert: Frode Grytten&Mads Berven + Building Instrument

Konsertsalen, Kabuso

09.12.2012 18:00 til 19:30

Sundag 9. desember kl 18 byr Kabuso på lyrikk og jazz i ein dobbelkonsert. I første del presenterer forfattar Frode Grytten The Smiths-materiale, i eiga omsetjing og tolking, saman med gitarist Mads Berven . Del to står jazzpoptrioen Building Instrument for. 

Del I: Frode Grytten & Mads Berven - Dronninga er død
 
Frode Grytten (f. 1960), norsk forfattar, busett i Bergen
Mads Berven (f. 1977) gitarist og bandleiar, busett i Bergen

The Smiths ga ut sitt viktigaste album, The Queen Is Dead i 1986. Pressa inn på 37 minutt finst alle Manchester-gruppas kvalitetar: Johnny Marrs medrivande melodiar og Morrisseys empatiske, sviande og vittige poesi. Med denne plata kunne ein definitivt slå fast: The Smiths var rockens mest vitale røyst på åttitalet. No, snart 25 år seinare, har The Queen Is Dead fått klassikarstatus. Plata må inkluderast blant dei absolutte høgdepunkta i rockehistoria.

I februar 2010 framførte Frode Grytten og Mads Berven for første gong Dronninga er død. Frode Grytten hadde gjendikta og omdikta Morrisseys tekstar. Mads Berven hadde gjort det same med Johnny Marrs musikk. Sidan har dei framført Dronninga er død ved ei rekke høve, både på Kapittel-festivalen i Stavanger, på Litteraturhuset i Oslo, på Den store sommarfesten på Giske, på Periferifestivalen på Glesvær, på Litteratursymposiet i Odda og fleire gongar for utselt hus på Victoria Pub i Bergen.
 
Dronninga er død er ei hylling av eit originalt og særmerkt rockealbum, men også ei vittig og varm ferd gjennom det norske samfunnet anno 2010. Tekstane blir framført på oddadialekt, og Manchester, England i originalutgåva er bytta ut med Odda, Norge. Dei ti tekstane er også gitt ut i bokform; som boksingel på Flamme forlag, Oslo 2010.

Sagt og skrive om Dronninga er død:
 - Hva har vært din beste konsertopplevelse til nå?
 - En konsert med Frode Grytten og Mads Berven. Grytten leste The Smiths-tekster omsett til nynorsk. Hadde det ikke vært for at det var andre personer i lokalet, hadde jeg begynt å grine.
 John Olav Nilsen, artist, til Bergensavisen
 
Det var rått bra, for å si det enkelt.
 - Leif Ekle, Bok i P2, NRK
 
Ikke siden André Bjerke gjendiktet Shakespeare, eller Jan Erik Vold ga norsk språk til Bob Dylan, har noen gitt engelske verselinjer samme livskraft på norsk. The Smiths kunne ikke ha vært gjendiktet til noen annen norsk dialekt med samme fynd og kraft som det Grytten får til på sitt oddamål.
 - Mímir Kristjánsson, Klassekampen
 
Glitrande Grytten.
 - Hardanger Folkeblad
 
Årets konsert i mine øyne. Elsket det. Frode Grytten har gjort en formidabel innsats med å oddafisere The Smiths/Morrissey.
 - Fredrik, 1977, kommentar på nettstedet Underskog
 
Grytten har med sin forestilling truffet selve strengen mellom litteraturen og musikken. Ingenting er tilfeldig, alt sitter. Frode Grytten er stjerna.
 - Rolv Christian Topdahl i Stavanger Aftenblad

 

Del I er sett opp  i samarbeid med Den musikalske stamvegen, Vestnorsk Jazzsenter
 



Del II: Building Instrument

Building Instrument byr på sjølvkomponerte låtar innanfor eit jazz/pop landskap. Her møter ein strukturerte improvisasjonar og ei leikande haldning til det å musisera. 
 
960x.jpg

Building Instrument er:
Mari Kvien Brunvoll - vokal/loop/effektar
Åsmund Weltzien - tangentar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde - trommer/perkusjon 


Medlemene er aktive både som utøvarar og komponistar nasjonalt og internasjonalt, og har spelt konsertar både i Europa, Afrika og USA. 

Om musikarane:

Mari Kvien Brunvoll

Kjent for sitt fantastiske soloprosjekt som har fått strålande kritikkar for konsertar på Nattjazz og Moldejazz og ei rekke jazzklubbar rundt om i Europa. Mari spelar også i Stein og Mari og Tim Tygg. Fekk Vitals Talentpris ved Nattjazz 2009. Er i 2011 vald ut som ein av fire som skal vere ein del av norsk jazz sitt internasjonale satsings program; Norwegian Jazz Launch.


Åsmund Weltzien
Ein av Bergens fremste pianistar, spelar også blant andre med Poor Felix.


Øyvind Hegg-Lunde
Er ein viktig del av Bergen si spennande undergrunnscene. Spelar også med blant andre The Sweetest Thrill, Glow og Krachmacher. Fekk Nattjazz sin Vital Talentpris i 2007.

Building Instrument-konserten er støtta av Norsk Jazzforum og Bergen kommune. 

Lytt og les: 
www.madsberven.com 
http://soundcloud.com/building-instrument