Norsk English

Eplejazz: Louisiana Washboard Five

Foajeen, Kabuso

19.02.2012 14:00 til 15:00

Rolf K. Seldal stiller med vaskebrett og saman med resten av Louisiana Washboard Five byr han på klassisk gladjazz i Kabusofoajéen sundag 19. februar klokka 14!    

 

Louisiana Washboard Five er eit klassisk jazzband frå Bergen, etablert i 1997.


Dei har spesialisert seg på jazz frå siste del av 1920-åra. Sjangeren vert gjerne omtala som South Side Chicago-stil.
LWF har gjeve ut tre cd-ar: Doctor Jazz (1997), Ace of Rhythm (2000) og Futuristic Rhythm (2004).

Louisiana Washboard Five er:
Rolf K. Seldal - perkusjon, vaskebrett
Arnulf Røkke - tuba
David Skinner - piano
Steinar Sætre - klarinett
Ketil Sætre - trompet

Oppdatert 18. feb kl 14