Norsk English

Five Men in a Boat

Konsertsalen, Kabuso

23.02.2012 19:00

Når fem markante folkemusikkartistar frå tre forskjellige land mønstrar om bord i samme båt, vert det bølgjer! Opplev i Kabuso 23. februar

Folkesongaren Frode Nyvold og verdsbergensaren Gabriel Fliflet er som nestorar å rekna i det norske folkemusikkmiljøet. Emmanuel Pariselle og Didier Oliver er bland dei fremste utøvarane innen tradisjonsmusikk i Frankrike og har eit enormt repertoar av sangstoff og dansemusikk, særleg frå den sørvestlege delen av landet.  Engelskmannen Richard Burgess har i mange år formidla Storbritannia si maritime sangskatt til norske publikummarar.

Det er med andre ord nok å ausa av når dei fem herrane med sine særprega stemmer sett felles kurs. På instrumentallåtane møtast bl.a. allehånde belger - trekkspel, toradar og concertina - samt Didier Oliver sitt eminente felespel. Five Men in a Boat har til saman ein formidabel kulturell ballast og stor formidlarevne.