Norsk English

Kakaokonsert

Konsertsalen, Kabuso

11.02.2012 14:00 til 15:00

Laurdag 11. februar klokka 14 vert årets fyrste kakaokonsert arrangert. Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
 

Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg kakao med meir!

I samarbeid med Kvam Kulturskule