Norsk English

Opning av foajeutstilling: Simone Hooymans - After Office Hours

Foajéen, Kabuso

11.02.2012 13:00

Simone Hooymans opnar utstilling i foajeen laurdag 11. februar klokka 13. Utstillinga syner teikningar og video, og står til og med 4. mars.

Simone Hooymans (f.1974) er nederlandsk kunstnar busett i Hardanger. Teikningane hennar er sterkt prega av opplevinga av natur og landskap. I arbeida sine blandar ho og teikning med animasjon og video. Til utstillinga i Kabuso har ho laga ein ny animasjon After Office Hours om korleis menneske forheld seg til naturen og naturkatastrofer.