Norsk English

Vestlandsutstillinga 2012 - Bevegelse

Utstillingssalen, Kabuso

17.03.2012 00:00 til 08.04.2012 00:00

I perioden 17. mars til 8. april kan du oppleva den dynamiske Vestlandsutstillinga i Kabuso.

 

Temaet for Vestlandsutstillinga 2012 er rørsle (bevegelse). Ulike kunstnarar med ulike uttrykk deltek i utstillinga som er kuratert av Annmari Skeide.

Kva inneberer rørsle?
Menneske vert rørt mentalt og kroppsleg, og rørsle kan manifestera seg som tanke eller handling.

Naturen er og gjennomsyra av rørsler. Nokre jamne og rytmiske som jorda sin rotasjon, flo og fjøre, vekslinga mellom dag og natt. Andre kjem som uventa utbrot av naturkrefter i form av havbølgjer, vindkast og svake luftdrag.

Rørsla si antitese er ro, og ein spør seg: Kva set i gang ei rørsle?

Deltakande kunstnarar:

Solveig Thora Bergsteinsdottir, Kristine Roald Sandøy, Marisa Ferreira, Kristin Ausreid, Ingela Grov, David Augusto Rios Alomia, Inger Lise Adolfsen, Hebe Camilla Wathne, Trond Hugo Haugen, Ingrid Haukelidseter, Tom Monsås, Marit Tunestveit Dyre, Judy Sirks Vevle, Elly Prestegård, Sol Hallset, John Xc, Gro Petersen, Trine Røssevold, Mona Høie, Laila Evensen, Mona Husøy, Simon Wågsholm, Trude Hisdal, Solveig S. Sandvik og Paul Johannessen, Elin Melberg, Andrea Sunder-Plassmann, Ahmet Tolga Balci og Tone Kristin Bjordam

 

Les meir her http://www.vestlandsutstillingen.no/