Norsk English

Lekve Eide/Halvorsen - Tomorrowland

Foajeen, Kabuso

21.04.2012 14:30

21.04 - 27.05

Lekve Eide/Halvorsen er ein kunstnarduo beståande av Jorid Lekve Eide  (f. 1982) og Frode Halvorsen  (f. 1980). Duoen har samarbeidd sidan 2010.

Lekve Eide og Halvorsen er begge utdanna biletkunstnarar med bachelor og mastergrad frå Statens Kunstakademi i Oslo, The Finnish Academy of Fine Arts og Iceland Academy of The Arts.
Duoen arbeider innanfor ei rekkje ulike teknikkar og materiale. Ofte med utgangspunkt i kjende kvardagslege element.  Dei siste åra har dei  delteke på fleire utstillingar i inn- og utland. 
Lekve Eide/Halvorsen er og kurator og arrangør av kulturhelga Gneist. Gneist2010 synte ei utstilling med 12 internasjonale og nasjonale kunstnarar i Ulvik i Hardanger.

Utstillinga til Kabuso er komen i stand med støtte frå Statens Utstillingsstipend.