Norsk English

Fodne ho svara stilt

Konsertsalen, Kabuso

27.04.2012 19:00

Fodne ho svara stilt vart til som eit ynskje om å formidla nokre av dei mange vakre folketonane frå Hardanger som Geirr Tveitt i si tid samla. Fredag 27. april kl 19 vert det konsert i Kabuso med Benedicte Maurseth, Åsne Valland Nordli, Berit Opheim Versto og Sigbjørn Apeland.

I 2008 var det hundre år sidan Tveitt vart fødd, og CDen Fodne ho svara stilt kom ut det året. Eit særdeles kompetent ensemble står bak utgjevinga: Åsne Valland Nordli og Berit Opheim Versto syng, Benedicte Maurseth syng og spelar hardingfele. Sigbjørn Apeland spelar trøorgel på liveframføringa.

Alle arrangementa er sjølvlaga, og dei tek i bruk trestemt song og improvisasjon i tillegg til solosong. Her er det snakk om vokalprestasjonar frå aller øvste hylle. Det eit påfallande trekk at folketonane frå Hardanger svingar mellom melankoli og det humørfylte, svingingar ein kan sjå fram til å få med seg!


Åsne Valland Nordli - vokal
Berit Opheim Versto - vokal
Benedicte Maurseth - vokal og fele
Sigbjørn Apeland - trøorgel, flygel

 

Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Fond for utøvende kunstnere