Norsk English

Solveig Slettahjell og Morten Qvenild

Konsertsalen, Kabuso

06.05.2012 18:00

Vokalist og komponist Solveig Slettahjell kjem til Kabuso 6. mai kl 18, saman med pianist Morten Qvenild. 

 

Slettahjell er ei av dei mest framtredande og anerkjende songarane i landet. Ho nyttar fleire ulike sjangrar, men store delar av musikken held seg innanfor jazzsjangaren. Dei sterke og personlege tolkningane er hennar fremste kjenneteikn. Å oppleva Slettahjell er ei nær og intim oppleving.

Slettahjell har dei siste ti åra vore ein aktiv plateartist og turnert rundt om i Noreg og Europa, men og i land som Chile, Pakistan og Russland. Ho og medmusikarane hennar skriv det meste av musikken sjølv. Men Slettahjell er og kjend for sine sterkt personlege tolkningar av eksisterande materiale. Hennar ferskaste plate Antologie frå 2011 er eit samarbeid med pianisten Morten Qvenild, kor ho har plukka ut favorittar frå musikkhistoria.

Qvenild har utdanninga si frå jazzlinja ved Norges musikkhøgskole og har tidlegare spelt med mellom andre Jaga Jazzist og Shining. Han er også ein del av The National Bank, Susanna & The Magical Orchestra og ikkje minst Solveig Slettahjells Slow Motion Quartet.
Morten Qvenild har også delteke på turnear med m.a. Nils Petter Molvær og Bertine Zetlitz band.


  
Lytt og les på www.solveigslettahjell.no