Norsk English

Danseførestilling: "Å la falle. Å reise seg att"

Stronde, Øystese

17.06.2012 17:00

Sundag 17. juni set Kabuso opp ei utandørs danseførestilling på Stronde i Øystese, i samarbeid med Bergen Dansesenter. Oppmøte på Øystesekaien kl 17, felles spasertur til Stronde.
 

1Foto_4_Å_legge_seg_ned.jpg

Koreograf og dansar: Marit Loe Bjørnstad
Kostymedesign: Silje Sandodden Kise
Produsent: Bergen Dansesenter i samarbeid med Kunsthuset Kabuso.


Handflata mi mot baksida av eit lauv. Hoftene ved stammen. Føtene søkjer som røtene. Ned.
Lik sivet som bøyer seg for vinden, vil eg også leggje meg ned når det bles rundt. For så å reise meg att.


Natur og det naturlege har vore utgangspunkt og inspirasjon for koreografen i utarbeidinga av det dansekunstneriske materialet; rørslene.
Eg lengtar etter å vera i naturen. Å vera i eit med naturen.

Dei konkrete visningsstadane kan vera av ulik art: premiera i Øystese er lagt til ein stad utan store fakter, men kor bakgrunnen er desto meir storslegen.
Planen er å ha visningar rundt om i Hordaland fylke dei neste åra med mogelegheit  for å fylgja korleis staden og koreografien vil forma og påverka kvarandre.

Målet er å presentera dans i nye og utradisjonelle omgjevnadar og kanskje gje publikum nye opplevingar av kjende stader.

Marit Loe Bjørnstad har røter frå Stord, er utdanna frå bl.a. Den norske balletthøyskole. Ho har sin base i Bergen kor ho sidan 2009 har virka som dansekunstnar, allereie med fleire prosjekt bak seg.
Silje Sandodden Kise er utdanna scenograf frå Kunsthøgskolen i Oslo og har sin base i Bergen. Ho har jobba på ei rekkje frittståande prosjekt, samt ved Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater, Den Norske Opera, Rogaland Teater m.m.

Takk til støtte- og samarbeidspartnarar:
Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Visjon Vest, Kunsthuset Messen og Utespesialisten.