Norsk English

Klassisk sommarkonsert: Tor Espen Aspaas

Konsertsalen

30.06.2012 17:00

Laurdag 30. juni kl 17 fyller Tor Espen Aspaas kammermusikksalen i Kabuso med tonar frå klaveret. På programmet står Grieg, Kjerulf, Debussy, Hovland, Rakhmaninov og Skrjabin.

Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte og allsidige pianistane i sin generasjon av norske musikarar. Han har sidan 2006 vore tilsett som professor ved Norges musikkhøgskole i Oslo.

Etter studier hjå Liv Glaser og Jens Harald Bratlie ved Norges musikkhøgskole, avla Aspaas kandidateksamen med beste karakter og mottok i 1996 sitt solistdiplom. Karriera hans er i aukande grad internasjonal; ved sidan av konsertar og turnéar i Norden, Europa forøvrig, USA og Asia, er han jamnleg engasjert ved norske og internasjonale festivalar og konsertseriar.
Han er spesielt aktiv og ettertrakta som kammermusikar.

Ved sidan av konsertering og undervisningsverksemd, var Aspaas initiativtakar og kunstnarleg leiar for kammermusikkfestivalen Vinterfestspill i Bergstaden på Røros 1999-2008.

Konserten i Kabuso er eit samarbeid med EGM Troldhaugen


Program:

Edvard Grieg  (1843-1907)
"Resignasjon" frå Stemninger, op. 73 nr. 1  (1901-05)
Klaversonate i e-moll, op. 7  (1866)
I Allegro moderato
II Andante molto
III Alla Menuetto, ma poco più lento
IV Finale. Molto allegro

 
Halfdan Kjerulf (1815-1868)
"Idyl", HK 111

Claude Debussy
(1862-1918)
 Frå Préludes I (1910)  (…"Les sons et les parfums tournent dans l'air du soir" - Charles Baudelaire)

Egil Hovland
(1924-)
 "Regndråpeetyde" (1971)

Claude Debussy
Fra Préludes II (1913) (…Feux d'artifice)

Sergej Rakhmaninov (1873-1943)
Preludium i giss-moll, op. 32 nr. 12

Aleksandr Skrjabin (1872-1915)
Etyde i fiss-moll, op. 8 nr 2
Preludium i B-dur, op. 11 nr 21

Sergej Rakhmaninov
Preludium i c-moll, op. 23 nr 7