Norsk English

Klassisk sommarkonsert: Åshild Breie Nyhus og Ingfrid Breie Nyhus

Konsertsalen

28.07.2012 17:00

Laur 28. juli kl 17 er det klart for sommarkonsert med systrene Breie Nyhus og eit reint Grieg-program.
 
 

Ingfrid Breie Nyhus, klaver:

Pianist Ingfrid Breie Nyhus har motteke ei rekkje prisar, m.a den Norske Solistpris. Cd'en "Griegslåttene" (Simax 2007) vart nominert til Spellemannprisen, og kåra til Record of the Year av Great Britian Grieg Society. Ho har spelt med fleire av landets symfoniorkester, og delteke ved festivalar som Risør Kammermusikkfest og Festspillene i Bergen. Kjerneområdet i klaverrepertoaret ligg i det norske, ut ifrå grunnaget i folkemusikk, og ho er for tiden i eit utøvende stipendiat ved Norges musikkhøgskole, kor ho fokuserer på det folkemusikalske i norsk klavermusikk.
Ho er også ein dedikert samtidsmusikkutøvar og kammermusikar.
Ho studerte klaver ved Norges musikkhøgskole, Sibelius-Akademiet i Helsinki, og Hochschule für Musik und Theater Hannover. 

Åshild Breie Nyhus, hardingfele:

Åshild Breie Nyhus er fjerde generasjons felespelar fra Rørostraktene, og trakterer også hardingfele, nyckelharpe og bratsj. Som folkemusikar har huo vore solist med mellom andre Oslo-Filharmonien, Det Norske Kammerorkester, Kringkastingsorkesteret og Trondheim Symfoniorkester. Ho har også delteke på ei rekkje utgjevingar i ulike sjangrar. På cd'en "Griegslåttene"(Simax 2007) spelar ho hardingfeleslåttene i tradisjon etter Knut Dahle.
Som klassisk utøver er hun til dagleg 3. solobratsjist i Oslo-Filharmonien, og fiolinist i Det Norske Kammerorkester.
Ho gjorde sine klassiske studier ved Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole.

Konserten er i samarbeid med EGM Troldhaugen


Program:

Edvard Grieg:

Slåtter op. 72

Gibøens Bruremarsj, hardingfele

Jon Vestafes springar, hardingfele

Gibøens Bruremarsj (E. Grieg op.72, nr. 1)

Jon Vestafes springar (E. Grieg op.72, nr. 2)

Bruremarsj fra Telemark, hardingfele

Bruremarsj fra Telemark (E. Grieg op. 72, nr. 3)

Haugelått, halling, hardingfele

Haugelått (E. Grieg op. 72, nr. 4)

Gangar etter Myllarguten, hardingfele

Springar etter Myllarguten, hardingfele

Gangar etter Myllarguten(E. Grieg, op. 72, nr. 6)

Springar etter Myllarguten (E. Grieg, op.72, nr. 12)

Bruremarsj etter Myllarguten, hardingfele

Bruremarsj etter Myllarguten (E. Grieg, op. 72, nr. 8)

Håvard Gibøens draum, springar, hardingfele

Håvard Gibøens draum (E. Grieg, op. 72, nr. 13)

Skuldalsbruri, gangar, hardingfele

Skuldalsbruri (E. Grieg, op. 72, nr. 15)

Hjerki Haukeland (Luråsen, gangar), hardingfele

Luråsens Halling I (E. Grieg, op. 72, nr. 10)

Tussebrureferda ved Vossevangen, gangar, hardingfele

Tussebrureferda ved Vossevangen (E. Grieg, op.72, nr.14)

Kivlemøyane, springar, hardingfele

Kivlemøyane, gangar, hardingfele

Kivlemøyane, springar (E. Grieg, op. 72, nr. 16)

Kivlemøyane, gangar (E. Grieg, op. 72, nr. 17)