Norsk English

Littlarm: Farlege vegkryss og kaldhjerta kvinnfolk. Robert Johnson på nynorsk

Utstillingssalen, Kabuso

07.07.2012 15:00 til 16:00

Laurdag 7. juli kl 15 vil det verta sett søkjelys på omsetjarkunsten. Dette gjennom arrangementet Littlarm, som i år har låtskrivaren og musikaren Robert Johnson som utgangspunkt. Med Kjartan Fløgstad, Olav R. Øyehaug og Tom Roger Aadland.

Robert Johnson (1911-38) etterlot seg ein dødsattest, 2 foto, 41 studioinnspelingar og ein bråte med myter. Ei av mytene seier at han selde sjela si til djevelene for å bli ein gitarvirtous, noko som skal ha skjedd ved eit vegkryss. Men kvar han lærte seg å skrive songtekstar seier mytene mindre om. Mykje tyder på at poesien har sitt opphav i Missisippi. deltaet og bomullsmarkane, som han kom frå, og i vagabond-livet som han gjekk til. Han er i følge Kjartan Fløgstad "...ein av dei aller viktigaste føresetnadane for rock 'n' roll, og dermed for moderne musikk og songlyrikk i det heile". Han har hatt stor innflytelse på artistar som Keith Richards, Eric Clapton og Bob Dylan.

Ein jury har kåra beste omsetjing av innsende Johnson-omsetjingar til nynorsk eller dialekt. Det beste bidraget vert framførte av den kritikarroste Dylan-omsetjaren Tom Roger Aadland. Han vil også framføra førehandstinga omsetjinger av forfattar Kjartan Fløgstad og musikar og forfattar Olav R. Øyehaug.  Forfattarane kjem til å delta i samtalar om gjendiktingskunsten generelt og Robert Johnson spesielt. Det vert og satt av tid til andre litterære og musikalske innslag.

Deltakarar:

Tom Roger Aadland (f. 1964) har hausta mykje ros for plata Blod på spora (2009), der han har omsett heile Dylan-klassikaren Blood on the Tracks (1975) til nynorsk. Held no på og spelar inn sitt fjerde album.

Kjartan Fløgstad (f. 1944) er kanskje ikkje mest kjend som omsetjar, men like fullt har han gjendikta fleire engelskspråklege og latinamerikanske poetar, mellom andre Pablo Neruda.

Olav R. Øyehaug (f. 1977) fekk Robert Johnson: The Complete Recordings til konfirmasjonen sin, og frå då av var hans seld. Sidan har han likevel gjeve ut to samlingar med forteljingar.

Ukjend vinnar av Littlarm sin omsetjarkonkurranse

Arrangementet finn stad i utstillingssalen i Kabuso. 

 

Arr: Kvam Mållag, Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso