Norsk English

Konsert: Andy Sheppard og Linda M. Lavik

Konsertsalen, Kabuso

15.09.2012 16:00

Stjernesaksofonist Andy Sheppard tilbyr ei musikalsk oppleving av høg internasjonal klasse i Kabuso laurdag 15. september kl 16.     

Med seg har han Linda Merethe Lavik frå Voss Jazzskule.

Andy Sheppard - tenor og sopransaksofon
Linda M. Lavik - piano


Om Andy Sheppard:

I ein alder av 19 år vart Sheppard introdusert for musikken til John Coltrane, han gjekk så direkte ut å kjøpte sin eigen saksofon. Like etter dukka han opp som musikar i den Salisbury- baserte moderne jazzkvartetten Sphere på slutten av 1970-talet. Dette ikkje meir enn tre veker etter at han sjølv starta å spele. Han finslipte sine saksofonferdigheitar på jazzklubbar i Storbritania og Europa i 1980- åra. Og han har også spelt med verdsmusikk- orkestre og meir etablerte improvisatørar som Keith Tippett. Medan han framleis var med i Sphere, flytta Sheppard til Paris der han arbeide med dei franske banda Lumiére og Urban Sax.

Tilbake i Storbritania spela han ofte på Ki Longfellow-Stanshalls og Vivian Stanshalls Bristol- baserte Old Profanity Snowboat og platedebuterte med eit soloalbum under eige namn. Her briljerer han i samspel med Randy Brecker og Steve Swallow som også produserte albumet. Albumet blei godt mottat og gjorde at Sheppard blei tildelt nykommar-prisen ved British Jazz Awards i 1987, etterfulgt av beste instrumentalist-prisen i 1988. I 1987 turnera Sheppard med George Russels; Livingtine Orchestra og Gil Evans.

 Det andre soloalbumet hans Introduction in the dark (1989) kom på dei britiske hitlistene noko som var svært uvanleg for ei jazzplate. Som ei følgje av dette vart Sheppard tildelt pris for beste album og beste instrumentalist i British Jazz Awards i 1989 også. Han blei gjenstand for merksemd frå fjernsyn med dokumentarar både i BBC og ITV.

Han har spela verda rundt og gjort seg bemerka med sitt talent. Han danna sitt eige storband; Soft on the inside band, bandet utvikla seg til Co-Motion og seinare Big Co-Motion. Gjennom dette blei det utgjeve fleire album som har høsta gode kritikkar.


Gå ikkje glipp av denne verdsklasse-konserten - like etter opninga av Kurt Johannessen-utstillinga same dag!


Les meir
 om Andy Sheppard

Lytt til musikk av Andy Sheppard her.