Norsk English

Konsert: Annbjørg Lien og Roger Tallroth 

Konsertsalen, Kabuso

09.09.2012 18:00

Ein sundagsettermiddag med påfyll av energi frå felespelar Annbjørg Lien og gitarist Roger Tallroth - i konsertsalen i Kabuso 9. september kl 18. Oppvarming ved folkjazzgitarist Rune Mandelid.

Om utøvarane:

Annbjørg Lien er ein av Noregs fremste felespelarar. Ho har solid forankring i folkemusikken, men kryssar stadig nye musikalske grenser. Etter å ha samarbeidd med musikarar frå mange ulike nasjonar, og lete seg inspirera av andre kulturar, framstår ho internasjonalt som ein sterk formidlar av verdsmusikk.
Lien kjem frå ein musikarfamilie og fekk opplæring i folkemusikk frå far sin og klassisk musikk ved musikkskulen i Ålesund. Ho har seinare hatt privat undervising hjå andre spellemenn i toppklasse, m.a. Hauk Buen frå Telemark.

Annbjørg Lien har hatt solistoppdrag med orkester der ho framfører komposisjonar skrivne for hardingfele (m.a. Tri fjordar av Geirr Tveitt)  

Roger Tallroth er kjend og verdsett for sin innovative måte å spela folkemusikk på gitar. Han har sin eigen "sound" - ein eigen måte å stemma og handtera 12-strengsgitaren på og har fått mykje positiv merksemd for dette.
Tallroth er utdanna ved Universitetet i Örebro, og har vore musikar, -arrangør og komponist sidan på heiltid sidan 1990. 
Tallroth har bandet Väsen som hovudprosjekt, men er også involvert som utøvar eller komponist i band som Annbjørg Lien band (N), Sofia Karlsson band (S), Gunnel Mauritzon Band (S) og Karen Tweed (UK).   
Spelar også svensk bouzoki (landhalsa lutt), fele, tenorgitar m.m. 


Presseomtale:

"Uansett om du jamrar som sein-Led Zeppelin eller summar som ein svolten mygg frå nord, Liens hardingfele kjem garantert til å inspirera surrealistiske draumar"
- Atlantic Monthly 

"...Liens utanomjordiske felespel har ein andeleg og fascinerande verknad medan han foreinar fortid med framtid"
- Washinton Post 


Les meir:
www.annbjorglien.no  
www.vasen.se 
www.runemandelid.com