Norsk English

Utstilling: Kurt Johannessen - Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise

Utstillingssalen, Kabuso

15.09.2012 00:00 til 28.10.2012 00:00

15.09 - 28.10 2012
 
Utstillinga byr på teikningar, fotografi og artist's books knytt til Kurt Johannessen sin kunstnarskap dei siste 25 åra. Merk også at det vert ein performance med Johannessen laurdag 27. oktober.

Om utstillinga "Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise" :

Den norske performancekunstnaren Kurt Johannessen (f. 1960) har teikna jamt sidan han først markerte seg tidleg i 1980-åra. Utstillinga fokuserer på teikning som handling gjennom eit utval verk frå den omfattande kunstnarskapen til Johannessen.

Utstillingstittelen "Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise" er ei setning henta frå ei av Kurt Johannessens mange "artist's books". Tittelen kan gi ein assosiativ inngang til kunsten hans, som er prega av både det langsame nærværet og av innfallsrike fabuleringar. Tittelen kan også vere eit bilete på korleis ei teikning blir til - korleis streken utfaldar seg på arket.

Performancekunsten har gitt rom for ei reindyrking av teikninga som handling og prosess. Kunstnarar som i 1960-åra vende seg bort frå det konvensjonelle kunstobjektet til fordel for flyktige happeningar og prosesskunst, var trekte mOm ot teikninga fordi ho er så direkte og gjennomsiktig - og fordi ho har den heilt spesielle eigenskapen at ho viser korleis ho sjølv blei til. Likskapen mellom teikninga og den performative verksemda kan summerast med eit sitat tilskrive Richard Serra: "Drawing is a verb."

Utstillinga viser verk av Kurt Johannessen gjennom tjuefem år. Ved sida av å gi eit tverrsnitt av dei skiftande interessene som pregar Kurt Johannessens kunst, gir utstillinga eit annleis men like fullt grunnleggjande perspektiv på kva teikning er og kan vere.

Utstillinga er kuratert av Nasjonalmuseet for kunst i samarbeid med Bergen Kunstmuseum.