Norsk English

Eplekart, familiekonsert: Crab is Crap

Konsertsalen, Kabuso

12.10.2013 12:00

Under årets Frukt- og siderfestival blir det tøys og moro for heile familien i Kabuso, laurdag 12. oktober kl 12: eit digert trommesett og tre sprelske musikarar. 

Stian Omenås - trompet, perkusjon
Øyvind Hegg-Lunde - trommer
Øyvind Skarbø - trommer

Konseptet er svært enkelt: Musikarane riggar opp det største trommesettet dei klarar, dekkjer det til med molton, inviterer publikum inn i salen og inn i deira verd... og tek det derifrå!

Element som ofte dukkar opp i framsyninga er stafett, verdsrekordforsøk, generelt mykje knall og fall, publikumsdeltaking på meditative perkusjonsinstrument, og somme tider også opera...

Det er abstrakt musikk og kombinert med det visuelle fenger det så det held!

Her er ein tidlegare omtale av framsyninga:
http://jazzinorge.no/2012/12/04/morsom-og-rar-crab-is-crap/ 


Les meir om Hardanger frukt- og siderfestival