Norsk English

Konsert: Valseria - eit valseverk

Konsertsalen, Kabuso

20.10.2013 19:00

Sundag 20. oktober kjem det publikums- og kritikarroste tingingsverket frå årets Vossajazz til til Kabuso! Godorda har hagla etter Fliflet og dei andre involverte i denne hyllesten til den utrydningstruga valsen. 

Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande - valsen flyt! Me befinn oss ikkje i fine ballsalar i Wien, hovudinspirasjonen ligg i Noreg, Paris og Balkan. Komponisten sjølv uttalar: "Siden Valseland er et vennlig land kommer jeg også til å invitere inn melodier i 2/4, 4/4, 5/4 og 7/8 og av ulike tempi. Kontraster må til!" 
Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege sommaraugeblikk, kyrkjegardar, krølling av tær - og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare.

Komponist: Gabriel Fliflet.
Tekst: Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet

Musikarar:
Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, leikepiano, vokal
Jørgen Sandvik - gitar og andre strengeinstrument, vokal
Jorunn Marie Kvernberg - hardingfele, fele, harpeleik, piano, vokal
Anders Bitustøyl - kontrabass, vokal

Jorunn Marie Kvernberg er ein av landets beste folkemusikarar og er tildelt eit utal prisar. Mange kjenner henne frå gruppene Majorstuen og Tindra. 
Jørgen Sandvik er ein av frontfigurane i prisløna Real Ones og
 fast medlem i Sigrid Moldestad band. Han spelar saman med Fliflet i kvartetten Novgorod. Anders Bitustøyl samarbeidar m.a. med Sigrid Moldestad, Benedicte Maurset og vart sist høyrd i Øystese under ein funky konsert med Miss Tati på årets Bygdalarm.  


Skrive om Valseria:

Til saman var det til tider så hårreisande flott at til og med hårlause kjende kor busta tok av. (...)
Det er nesten uråd å plukka ut høgdepunkt i ein slik konsert

Nils Kvamsdal, Hordaland (avisa-hordaland.no) 22.3.2013

- den eine perla etter den andre... augneblikk av pur magi... strålande konsert
Om dette blir standarden på Vossa Jazz sine tingingar ved den 40. festivalen, vil denne utgåva skriva seg inn i soga med gullskrift med tingingskonsertane aleine.

Lars Mossefinn, jazznytt.no 22.3.2013

- et fyrverkeri av en konsert
Ole Foss, Romsdals Budstikke (rbnett.no) 23.3.2013


Les meir i Jazznytt og Avisa Hordaland