Norsk English

Utstilling: Heli Rekula - In Hemingway's Garden

Utstillingssalen, Kabuso

19.10.2013 14:30 til 17.11.2013 00:00

Frå 19. oktober til 17. november kan du gjera ei poetisk og fargesterk reise i utstillinga In Hemingway's Garden av den finske biletkunstnaren Heli Rekula.

Utgangspunktet for utstillinga In Hemingway's Garden er ein serie fotografi som Rekula tok i hagen og landskapet kring The Hemingway Home Museum i Key West, Florida.
Ernest Hemingway (1899-1961) 

Arbeidet med utstillinga starta tidleg i 2012 og i dag er ho sett saman av Rekula sine fotografi, eldre pressefoto og anna arkivmateriale. 


...diskuterar utstillinga fotografiet sine ulike roller i samtidskulturen. Det siste vert gjort ved å presentera reinskårne kunstfoto sett opp mot meir «dokumentarisk» materiale produsert av andre.


Om Heli Rekula:
 
I løpet av dei seinaste tjue åra har Rekula sine arbeid vekt stor internasjonal interesse. I tillegg til galleri og museum har dei filmatiske verka hennar også vorte presenterte ved ei rekkje internasjonale festivalar og screeningar.
Rekula har vore tilsett som professor i fotografi ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen sidan 2009. 

I 2001 vart ho vald ut til hovudutstillinga ved den 49. Veneziabiennalen av kurator Harald Szemann; Plateau of Humankind. I 2002 mottok Rekula Ars Fennica Prisen, utnemnd av Robert Storr. Heli Rekulas prisvinnande verk In Between Worlds, var ein video av ein ung autistisk person og ei samling av landskapsvideo og foto.

Heli Rekula hadde vidare ei omfattande retrospektiv utstilling; DESERT, works from 1989-2004 ved samtidskunstmuseet Kiasma våren 2005. Same år mottok ho statens pris for fotografi i Finland. I 2011 ble Rekula shortlistet for Carnegie Art Award 2012 og verka vart viste i Carnegies utstillingsturné til Oslo, Stockholm, Helsinki og København.

Utstillinga In Hemingway's Garden vil også kunna opplevast i Oslo kunstforening i 2014.