Norsk English

Eplejazz: Moskus 

Foajéen, Kabuso

09.02.2013 14:00

MERK DAGEN! Jazzkafé med eit av dei mest spanande banda på den unge jazzscena, i Kabuso laurdag 9. februar kl 14. Moskus får rosande omtale av debutalbumet m.a. av BBC: "A quiet joy of a debut album from this Norwegian trio".

Moskus er: 
Anja Lauvdal - piano
Fredrik Luhr Dietrichson - bass
Hans Hulbækmo - trommer




Bandmedlemene er alle tidleg i tjueåra, og har vore del av det kreative miljøet ved jazzlinja ved NTNU i Trondheim. Trass i unge år har bandmedlemene brei og tverrmusikalsk røynsle:

Hans Hulbækmo har med seg folkemusikk- og progrockimpulsar, Fredrik Luhr Dietrichson har sysla innan vise- og rocketradisjonen, og Anja Lauvdal har bakgrunn frå salme-, og ikkje minst, gospeltradisjonen.
Lauvdal og Luhr Dietrichson er også kjende for å ha eit meir rock-orientert publikum gjennom dei kritikarroste banda Your Headlights are On og Snøskred.

Som fyrste jazzband vann Moskus Grappa sin årlege debutantpris i 2011, som resulterte i det heilt ferske debutalbumet «Samlesykkel» (Hubro; sept. 2012).
I følgje trioen sjølv har dei sine musikalske røter trygt plassert på den fruktbare kammerjazz-jorda, men dei har funne næring i alt frå salmetradisjon til Ivo Caprino sine filmar, frå Paul og Carla Bley til skiturar i fjellheimen i seine kveldstimar, og frå post-rock via franske crêpes til gospel.

Moskus var ein av fire finalistar i årets Jazzintro, og representerte nyleg Noreg under den store nordiske jazzmønstringa Young Nordic Jazz Comets i København. Medlemane har kvar for seg vunne fleire prestisjetunge prisar. 


I samarbeid med Den musikalske stamvegen, Vestnorsk jazzsenter

Les og lytt: www.moskustrio.no