Norsk English

Stein Urheim trio- Kosmolodi

Foajéen, Kabuso

24.02.2013 14:00

Sundag 24. februar kl 14 vert det jazzkafé i Kabuso. Møt ein av husets publikumsyndlingar; gitarist Stein Urheim og trioen hans! 

Urheim har gjort seg sterkt bemerka som ein av våre finaste gitarister, kanskje spesielt gjennom samarbeidet med Mari Kvien Brunvoll. I 2012 gav han ut eit nytt album, Kosmolodi

I 2010 fekk han Vossa Jazz-prisen, og mellom lovorda står mellom anna:
"Årets prisvinnar har i mange år markert seg som ein solid utøvar, med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar".

Stein Urheim trio er:
Stein Urheim - gitar
Alexander Grieg - bass
Nils Are Drønen - trommer

Det er duka for eit gledeleg gjenhøyr med Urheim og gitaren hans!


Lytt her:
https://soundcloud.com/search?q=stein%20urheim 
http://www.myspace.com/steinsbluesandjazztunes   

Kosmolodi.jpg