Norsk English

Musikalske undringar: Folgefonna Pasjon

Konsertsalen, Kabuso

30.03.2013 14:30 til 15:30

Påska er tid for pasjon, og påskeafta kl 14.30 vert det framført ein noko uvanleg pasjon i Kabuso: Om Folgefonna og rolla ho har som klimaindikator.  

Folgefonna Pasjon er den tredje og siste musikalske undringa knytt til utstillinga Grøne sjøar og blått blod. Konserten er ei undring over den smeltande isbreen ved Hardangerfjorden og vårt lidenskaplege tilhøve til eige levesett. Denne gongen handlar det om lidenskap og liding. 

I Bengalbukta er vatnet blitt varmare og stormane slår oftare og meir voldsomt enn nokon gong over Bangladesh. Samtidig som menneske ved ekvatorområdet flyktar frå klimaendringane merkast temperaturstigninga også ved Folgefonna - der ho ligg som ei dronning med utsyn til den hyperaktive oljenæringa. Folgefonna smeltar og lid, medan vestlendingane på si side er blinde for konsekvensane av den dedikerte og oppjaga dansen rundt oljefata.   
   
 
Musikarar:
Tomas Nilsson - perkusjon
Anne Goro Tronsmo Haugland - fiolin
Pete Morello - elektronikk 
Ragnhild Tronsmo - elektronikk 
Glenn Erik Haugland - keyboard


Følg gjerne bloggen i tilknyting til konserten og utstillinga i Kabuso: 
http://hokabuso.blogspot.no/