Norsk English

Konsert: Hanne Hukkelberg

Konsertsalen, Kabuso

11.05.2013 16:00

Laurdag 11. mai kl 16 kan du høyra ein av våre sterkaste låtskrivarar og vokalistar i Kabuso; Hanne Hukkelberg. 

Hukkelberg har gjennom dei siste sju åra etablert ei stor tilhøyrarskare i både inn- og utland. Hennar nyaste album Featherbrain kombinerar pop, jazz og kunstrock og fekk strålande mottaking. Hukkelberg får elles meir skryt enn dei fleste i store britiske medier.     

Konserten i Kabuso er ein solokonsert der Hukkelberg vil presentera eit nedstrippa repertoar med gitar og piano. 
Dette blir som å dra tilbake til start for Hukkelberg - slik låtane hennar har kome til - mellom stemma og pianoet eller stemma og gitaren. 

Velkomen til ei sterk konsertoppleving og ei god mogelegheit til å koma tett på ein av våre mest spennande artistar!


Konserten finn stad like etter opninga av Vestlandsutstillinga kl 14.30 same dag 


Les og lytt:
www.hannehukkelberg.com
www.soundcloud.com