Norsk English

Skuleførestilling: Morning has Occurred og Karl Seglem

Konsertsalen, Kabuso

07.05.2013 11:00

Ungdomsskuleelevar er inviterte til ei eineståande musikalsk oppleving i Kabuso tysdag 7. mai. 

Medverkande:
Mats Mæland Jensen - trommer
Natalie Sandtorv - vokal/waterphone/ håndpumpeorgel
Marte Eberson - piano
Sebastian Kittelsen - kontrabass
Karl Seglem - saksofon/bukkehorn

Morning Has Occurred byrja å spele saman då dei møttest på jazzlinja ved Griegakademiet i 2010. Kvartetten tar utgangspunkt i eigne komposisjonar, som baserer seg innanfor stilarten jazz, med ein liten dose samtidsmusikk og pop. Improvisasjon og samspel mellom musikarane står i fokus.
Kombinasjon av ulike klangar, uvanleg instrumentering, og altererte lydar som skapar eit ope, og spanande lydlandskap, er noko av det som skildrar musikken til denne unge kvartetten.
Våren 2012 vann Morning Has Occurred konkurransen Jazz i sikte, der juryen meinte at bandet har eit klart og eige uttrykk. «Det er instrumentferdighetene, ensemblespillet og egenarten i komposisjonene som gjør at bandet er årets vinner av Jazz i sikte."
Karl Seglem er ein av Noregs fremste saksofonistar, og i 2010 fekk han norsk jazz' høgaste utmerking, Buddyprisen. Som musikar og komponist har Karl Seglem utvikla eit unikt musikalsk uttrykk inspirert av jazz, folke- og verdsmusikk, og han har i tillegg skapt eit eige varemerke med instrumentet bukkehorn. Saman med Morning Has Occurred skal han presentera ein ny konsertserie retta mot ungdom.

I samarbeid med Norsk jazzforum, Vestnorsk Jazzsenter og Den kulturelle skulesekken