Norsk English

Sommarutstilling: Walk a Mile in My Shoes + Pass Over

Utstillingssal + foajé, Kabuso

15.06.2013 14:30 til 01.09.2013 16:00

15.06-01.09 

Sommarutstillinga 2013 i Kabuso er ein troika sett saman av Walk a Mile in My Shoes, Pass Over og Taus/Tre. Dei tre utstillingane rører alle ved omgrepa kropp, kjensler og kjønn. På kvart sitt vis nærmar dei seg temaet feminisme.

 

I utstillingssalen vert utstillinga Walk a Mile in My Shoes vist, kuratert av kinesiske Wang Dong. Ved bruk av foto og installasjonar diskuterar han patriarkalske strukturar i det kinesiske samfunnet - strukturar som også er kjende frå vårt eige samfunn. 

 Samstundes vert Øyvind Johnsen sitt nye videoverk PASS OVER vist i eit eige videorom. Videoen er basert på ei Romeo og Julie-historie om eit tysk-jødisk kjærastepar som ikkje fekk tillating til å gifta seg og som rømte til Noreg på slutten av 1800-talet. 
Sjå fil under for meir informasjon. 

Utanfor inngangspartiet og i foajéen og kan ein sjå ein serie verk av Bodil Friele. Verka tek føre seg fenomena hogst og ved. Desse kan ofte opplevast som tradisjonelt mannsdominerte aktivitetar - her i femininisert utgåve. 

Filer