Norsk English

Badnalarm: Jens Brun & De Hattmakers

Konsertsalen, Kabuso

06.07.2013 12:00 til 12:30

Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso presenterer Badnalarm 2013 laurdag 6. juli kl 12: James Brown m.fl. på norsk - funk og moro for heile familien! 

Om førestillinga:
Barne- og familiekonsert med Jens Brun & De Hattmakers.
Soulfunk-lokomotivet Jens Brun & De Hattmakers serverer klassikarar som Kjeksmaskin (Sex Machine), Rock Istedet (Rock Steady), Suss (Kiss) og Sofaen e en god ting (Get up off of that thing).
Dette er bandet for funkfolk i alderen 0-100!

Musikarar: 
MADS BERVEN gitar / KAI TAULE bass, vokal / TORE LJØKELSØY trommer

Berven


Passar for: Funkfolk i alderen 0-100!
Varigheit: 30 min

  
Framsyninga vert gjort med stønad frå Sparebanken Vest