Norsk English

Littlarm 2013: Joni Mitchell på norsk

Kabuso

06.07.2013 15:00

Laurdag 6. juli kl 15 er det klart for årets Littlarm i Kabuso, denne gong med Joni Mitchell i fokus.

"Big Yellow Taxi", "River", "A Case of You" eller kva med "Amelia"?
Du som kjenner din Joni Mitchell har garantert favorittar og under Littlarm får du høyra Mitchell-låtar i ny drakt: På nynorsk eller dialekt og kanskje med ein noko annleis vri. 


 Vinnartekstane frå den tidlegare utlyste gjendiktingstevlinga vert framførte av eit eige husband (Heidi Marie Vestrheim, Nan Espeseth) under arrangementet.

I juryen sit sjølvaste Brit Bildøen, som i tillegg til å ha skrive ei rekkje prisvinnande romanar og diktsamlingar, mogelegvis er best kjent for Larm-publikumet for omsetjinga si av Patti Smith sin biografi "Just kids".
Dei andre i juryen er musikar Heidi Marie Vestrheim og norsklektor Randi Jåstad. Panelet skal diskutera dei ulike bidragsytarane samt tekstane til Joni Mitchell. Ordstyrar er Brit Aksnes.
  
Arr: Kvam Mållag, Bygdalarm og Kabuso