Norsk English

Familiekonsert: Good Time Charlie

Konsertsalen, Kabuso

13.12.2014 14:00

Laurdag 13. desember kl 14 blir det blues og moro for heile familien i Kabuso. Kva kan skje når det alltid er oppteken på do? Og er det ikkje slik at alle ynskjer seg ein traktor? Det er slike kvardagslege problem bandet Good Time Charlie syng om. Dei spelar blues for born på vestlanddialekt, og det er lett å syngja med.  

Arle Hjelmeland (song og munnspel), Steinar Karlsen (gitar og song), Einar Olsen (trommar og song) og Morten Skage (bass og song) dannar bluesbandet Good Time Charlie. Dei vert rekna som pionerar innan rhytm and blues i Noreg og har spela med anerkjende musikarar i inn- og utland. 

I 2013 gav dei ut barneplata "Draumeblues og Blåsus". Dette er musikk som får ein til å hoppe og le, danse og syngje med. Det vert med andre ord ei morosam konsertoppleving for born i alle aldrar.

Sjekk www.goodtimecharlie.no for smakebitar.