Norsk English

Eplejazz: Ole Marius Sandberg - Or Better Still

Foajéen, Kabuso

23.02.2014 14:00

Sundag 23. februar kl 14 er det klart for jazz og kaféliv i Kabuso. Denne gongen står melodiøs, moderne jazz med klare lyriske trekk og ei sterk rytmisk forankring på menyen. 

Ole Marius Sandberg - kontrabass
Eirik Hegdal - saksofonar
Erlend Slettevoll - piano
Stein Inge Brækhus - trommer

Etter å ha turnert land og strand rundt med folkekjære artistar og kvalitetsbevisste jazzmusikarar, gav den bergensbaserte bassisten Ole Marius Sandberg i vår ut sitt første album i eige namn - "Or better still".
Utgjevinga vart feira med sleppekonsert på Nattjazz, ein konsert som vart svært godt mottatt. I følge Dagsavisen sin anmeldar, Roald Helgheim, er utgjevinga prega av "gode låtar, framifrå arrangement og eit ensemble av sterke solistar i musikalsk samforstand."

Dette er ei svært god skildring og Kabuso ser fram til å tilby dette stjernelaget!

Les og lytt: www.olemarius.com 
Musikk ligg også på Spotify, Wimp og YouTube


I samarbeid med Den musikalske stamvegen/Vestnorsk jazzsenter

Images