Norsk English

Folkemusikk: Sigrid Moldestad m/band

Konsertsalen, Kabuso

06.03.2014 19:00

Sigrid Moldestad m/band presenterer det ferske og kritikarrosa albumet Brevet til kjærleiken i Kabuso torsdag 6. mars kl 19. 

Brevet til kjærleiken kom ut på sjølvaste valentinsdagen og vart omtala som ei mykje betre gåve
enn både konfekt, roser og smykker denne dagen (VG).
Dette er den fjerde plata til den erfarne og allsidige folkartisten og albumet inneheld ny musikk
til dikt av Jan Magnus Bruheim. Dette i høve hundreårsjubileet til diktaren.
Her finn ein sterke tekstar som famnar kjærleiken mange nyansar frå ungdomeleg lengtnad
til alderdomeleg ettertanke.
Albumet kan gjerne omtalast som eit samtidsuttrykk med element av norsk, keltisk og nordamerikansk
folkemusikk.
Musikarar: Sigrid Moldestad - vokal, feler Kato Ådland- gitarar, vokal Sigbjørn Apeland - orgel, flygel, vokal Anders Røine - langeleik Kaare Opheim - trommer, vokal Morten Skage - bass