Norsk English

UTSETT: Over Tones Valland Nordli og Maurseth

Konsertsalen, Kabuso

27.04.2014 19:00

NB: KONSERTEN ER UTSETT PGA SJUKDOM

Bokpresentasjonen av Maurseth si ferske bok "Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre" går som planlagt klokka 18.

Det ferske albumet Over Tones frå Åsne Valland Nordli og Benedicte Maurseth har fått mykje merksemd og særs gode kritikkar. Sundag
27. april kl 19 kan du høyra materialet framført i kammermusikksalen i Kabuso. 

Åsne Valland Nordli og Benedicte Maurseth presenterer her hovudsakleg sjølvskriven musikk
i landskapet mellom folkemusikk/samtidsmusikk og meir fri improvisert musikk. Også meir
tradisjonell folkemusikk blir å høyra.
Åsne Valland Nordli - vokal
«..hun synger med en finslipt diamants briljans» Dagbladet
Benedicte Maurseth - hardingfele, vokal og viola d´amore Varmt og mediterande felespel, omtalt som «klanger fra og mot evigheten» av Bergens Tidende
Dei to musikarane har begge bakgrunn i tradisjonsmusikken i Hardanger, og det musikalske opphavet er noko dei stadig fordjupar seg i. Samstundes er uttrykket deira inspirert av andre sjangrar også, som samtidsmusikk, tidlegmusikk, jazz og meir fri improvisasjonsmusikk. 
Dei framfører eigenkomponert musikk som dei blandar varleg med eldre songar og slåttar.
Det er det enkle, meditative og ærlege uttrykket dei forfektar og søkjer som utøvarar.
Duoen har nyleg produsert sitt første album på det vidgjetne, tyske plateselskapet ECM Records.
Albumet har fått særs positiv merksemd i ei rekkje media:
Bergens Tidende omtalar musikarane som nyskaparar og gjev terningkast 5: http://maurseth.net/nyhende/wp-content/uploads/2014/04/Bergens-Tidende.pdf
NRK P2, Spillerom 4. april: http://radio.nrk.no/serie/spillerom-hovedsending/mkmr06004514/04-04-2014#t=27m9s Klassekampen: http://www.klassekampen.no/article/20130923/ARTICLE/130929993
Les meir på musikarane sine eigne nettstadar: www.vallandnordli.no  www.maurseth.net