Norsk English

Bokkonsert: "Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre" 

Konsertsalen, Kabuso

27.04.2014 18:00

Sundag 27. april kl 18 vil felespelar Benedicte Maurseth presentera den ferske utgjevinga si "Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre"

Dette er ei bok med samtalar mellom meisterspelemannen Knut Hamre og eleven hans, Benedicte Maurseth - om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk.

Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 22 år samanhengande vore Hamres elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa.  

Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er busett i Bergen. Ho byrja å spela hardingfele sju år gamal. Maurseth har gjeve ut fleire CD-ar, ho komponerer og har laga musikk til blant anna teaterversjonen av Andvake av Jon Fosse. Maurseth er skribent i Dag og Tid.