Norsk English

Eplejazz: Lena Skjerdal trio + Erik Halvorsen trio

Foajeen, Kabuso

06.04.2014 14:00

Under jazzkaféen i Kabuso sundag 6. april kl 14 kan du få med deg to ulike jazztrioar!

Trioane presenterer smakfull vokaljazz og folkemusikk i jazzklede.

Lena Skjerdal trio:

Lena Skjerdal - vokal
Erik Halvorsen - piano
Magne Thormodsæter - bass


Erik Halvorsen trio:
Erik Halvorsen - piano
Magne Thormodsæter - bass
Ivar Thormodsæter - trommer

Lena Skjerdal og hennar trio vil presentera ei god blanding av låtar frå forrige utgjeving, Home (2009), og nytt materiale med nynorske tekstar der komposisjonane tek utgangspunkt i Per Sivle sitt omgrep "mjuke vek" som gjerne kan omskrivast til mjuke melodiske vendingar.
Trioen målber eit ynskje om at det er musikken i seg sjølv som skal kommunisera, som nonverbalt språk. For tida jobbar dei med ei splitter ny utgjeving og kanskje stiller trioen med ein heilt fersk cd til konserten.



Halvorsen Web DEN MUSIKALSKE STAMVEGEN Vår 2014



Erik Halvorsen tro slepper si andre utgjeving i januar 2014. Her finn ein ni nye komposisjonar signert Halvorsen og ei tolking av av kysttrubaduren Johannes Kleppevik sin Ein sommarvals.
Halvorsen har denne gongen lete seg inspirera av ukrainsk og svensk folkemusikk, men stilistisk rører gruppa seg hovudsakleg frå klassisk til friare jazz.

Les og lytt:
http://www.erikhalvorsen.no
Lena Skjerdal på Spotify og Wimp


I samarbeid med Den musikalske stamvegen/Vestnorsk jazzsenter


Logo DMStamvegen