Norsk English

Manøver i Kabuso

Konsertsalen, Kabuso

15.05.2014 19:00

Velkomen Manøver i Kabuso i Øystese torsdag 15. mai kl 19! Det vert servert lokalmat og forfriskingar - i tillegg til eit variert og spennande kulturelt program.

SAMTALE: Kulturhus og kulturliv
Bygging av kulturhus er ei av dei mest synlege kulturelle investeringane i Noreg gjennom dei siste 20 åra. Samarbeidar desse kulturhusa, kva tilbyr dei publikum, og kor mange av dei er det eigentlig plass til? Manøver ser på kva mogelegheitar som finst for produksjonssamarbeid og kompetanseutveksling kulturhusa i mellom.

I panelet:
Knut Markhus, kultursjef Kvam herad
Georg Arnestad, kulturforskar Høgskulen i Sogn og Fjordane
Evy Sørensen, USF Verftet
Brit Aksnes, kulturfrilansar og skribent
Trude Hoflandsdal Letnes , direktør Hardanger og Voss museum

KUNST: LandArt
Totalt 22 kunstnere vil setja spor i Hardanger gjennom prosjektet «Mellom himmel og fjord - SJÅ». På Mælen, i Norheimsund, i Utne og ved Hardangerbrua vil det koma fantastiske midlertidige kunstverk frå kunstnarar som Gitte Sætre, Unni Askeland, Aud Bækkelund, Peder Istad og mange fleire. Kurator og prosjektleiar Kjell Erik Ruud fortel om dei storslåtte planane.

FILM: Kampen om Hardanger
Filmskaper Vigdis Nielsen arbeider for tiden med dokumentarfilmen "Kampen om Hardanger" som omhandler konflikten og engasjementet rundt de såkalte monstermastene. Vigdis kommer til KabusoManøver og vil snakke om prosjektet og vise et kort utdrag fra dokumentaren som fortsatt er i produksjon.

DESIGN: Hans Pulles
Designar og kunstnar Hans Pulles kjem opprinneleg frå Nederland, men har dei siste fem åra vore busett med familien på kunsthuset Messen i Ålvik. Pulles arbeidar med monumentalinstallasjonar som ofte ligg i skjæringspunktet mellom kunst og design. På KabusoManøver fortel han om arbeidet sitt, korleis han enda opp i Hardanger og korleis gjestekunstnarordningar kan påverka både kunstnere så vel som lokalmiljø.

MUSIKALSK INNSLAG: Leiv Reed
Bergensbaserte Leiv Reed starta den musikalske reisa si på loftet heime på Reed heilt i starten av tenåra. Musikken til Reed vert kjenneteikna av flytande melodiar og rullande rytmisk fingerspill av ein karakter ein sjeldan høyrer i dag. Den siste utgjevinga hans er Vamoose! - ei samling av heile tretti låtar, der han og gjer ein sedat coverversjon av The Megaphonic Thrifts «Neues».


www.manøver.no